_ _    _ _____  ___   __                       
 __      _(_) | _(_)___ / ( _ ) / /_   ___ ___  _ __ ___  
 \ \ /\ / / | |/ / | |_ \ / _ \| '_ \ / __/ _ \| '_ ` _ \ 
  \ V  V /| |   <| |___) | (_) | (_) | (_| (_) | | | | | |
   \_/\_/ |_|_|\_\_|____/ \___/ \___(_)___\___/|_| |_| |_|

Biologisk rekkje

Rekkje er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ei rekkje kan omfatte ein eller fleire nærskylde klassar, og ei eller fleire nærskylde rekkjer kan samanfattast som rike. I botanikken blir rekkjer av og til omtala som avdelingar eller divisjonar. Av og til blir og fylum (etter den latinske omgrepet for rekkje, phylum) brukt.

I likskap med andre biologiske taksa (med mogleg unnatak av arten) er det eit rent skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle rekkje. Innanfor dagens systematikk er ein derfor meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.

I botanikken blir det vitskapelege namnet for ei rekkje danna ved at rota av namnet på typusslekta får endinga -phyta (for alger og landplantar) eller -mycota (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underrekkjer er -phytina og -mycotina.

Kjelde

Artikkelen er omsett frå Wikipedia på riksmål/bokmål