_ _ _ _____ ___ __ __ _(_) | _(_)___ / ( _ ) / /_ ___ ___ _ __ ___ \ \ /\ / / | |/ / | |_ \ / _ \| '_ \ / __/ _ \| '_ ` _ \ \ V V /| | <| |___) | (_) | (_) | (_| (_) | | | | | | \_/\_/ |_|_|\_\_|____/ \___/ \___(_)___\___/|_| |_| |_|
Leopard 2 er ei tysk stridsvogn med 120 mm kanon, produsert av Krauss-Maffei Wegmann (KMW) i München og Maschinenbau Kiel (MAK) i Kiel i Tyskland. Ho er etterfølgjaren til Leopard 1.
Det norske kavaleriet opererte i 2005 52 Leopard 2A4 kjøpt inn brukt frå Nederland. Dei norske vognene er utstyrte med maskingeværet FN MAG som sekundervæpning. Vogna vart produsert mellom 1985 og 1992, med forbetringar på eldleiiing og brannslokking. Eit betre pansra tårn med titan- og wolfram-legeringar kom òg på denne modellen, som vart teken i utstrekt bruk. Det er denne vogna som Noreg nyttar framleis. Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole i Norge, Christoffer Westermoen, har sagt at Leopard-2A4 er underlegen den aktuelle russiske T-72B3 i rekkevidde, eldkraft, sensorar og vern.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |